Skulestart på Tombontsoa og Fihaonana

Det har vore litt usikkert med finansieringa av det eittårige kurset både på Tombontsoa og Fihaonana. NMS og Jordbruksskolenes Venner har lovd finansiering av dette kurset, med halvdelen kvar av det som trengs for å drive skulane i 2017.

Fihaonana jordbruksskule

På Fihaonana har det vore opptaksprøve med 74 elevar i det eittårige kurset. Dei reknar med at 45 kjem til nytt skuleår 4. januar 2017. Då vil elevane fylgje driftsåret i jordbruket. I ein samarbeidsavtale med den gassiske stat, har Fihaonana eit opplegg for og følgje opp dei tidlegare elevane frå Fihaonana. Rundt 1500 elevar har gått ut frå Fihaonana sidan starten i 1983. 600 av desse skal vere med i eit opplegg som staten støttar om å gi eit startgrunnlag for dei som vil satse på og kome i gang med eit skikkeleg opplegg i jordbruk/hagebruk eller husdyrhald. Skulen skal følgje opp elevane og det arbeidet dei gjer.

Suksess med fiskedammen og oppdyrking av jorda

På Fihaonana laga dei ein stor fiskedam for oppdrett av Tilapia. Dette var ein stor suksess. Dei hausta fisken og selde den til restaurantar, hotell og andre i byen Manakara og andre stader. Oppdyrkinga av den jorda som har lege brakk lenge, har JV støtta økonomisk. Nå er oppdyrkinga ferdig med flotte terrassar, der dei m.a. dyrkar maniok og andre vekster.

Tombontsoa jordbruksskule

På Tombontsoa blir det rundt 60 elevar i det eittårige kurset som vil kome i gang så snart det er klart med overføring av pengar frå NMS. Lycee Agricole har 22 elevar i det første året, og 54 elevar i det andre året. I høgskuletilbodet IPSATA er det 110 studentar i det 1.året, 77 studentar i det 2.året og 38 studentar i det 3.året. I alt blir det 360 elevar og studentar på Tombontsa dette skuleåret. Elevar i Lycee Agricole og studentar i IPSATA betalar skulepengar som er tilstrekkeleg til å betale det studiet kostar. For det eittårige kurset FPQ, er skulepengane låge for å kunne nå dei frå landsbygda som har liten betalingsevne. Derfor er dette kurset støtta utanfrå.

776

Fiskedam og terrasser på Fihaonana

 

181

Tombontsoa med stort elev-og studentkull i år

Nytt toalettanlegg på Tombontsoa

Det gamle toalettanlegget for elevane på Tombontsoa er svært dårleg etter mange års bruk. Skulen har lenge ønskt eit nytt anlegg, og diskusjonen rundt dette har gått ei par års tid.

Ungdomslaget på Varhaug

Nå har ungdomslaget igjen teke eit tak. Dei har samla inn pengar til å bygge eit heilt nytt anlegg med 8 toaletter for jentene og 8 toaletter for gutane, i to atskilde bygg. Toalettene skal byggast på ein skikkeleg måte med septikktank som kan tømast med vakumvogna i gardsbruket.

Byggast i polybetong

Firmaet PCCM, som leiger fabrikklokale i mølla på Tombontsoa, skal stå for bygginga. Dei leverte inn anbud på lik linje med 3 andre entreprenørar. Dei fekk tilslaget som den rimelagste av desse fire som hadde levert inn anbud. Det serprega med dette bygget, er at det skal byggast i polybetong, dvs. med blokker laga av brukt isopor og sement. Dette byggematerialet har mange fordeler framfor vanleg sementstein, mellom anna god isolasjonsevne og raskt og lett og setje opp. Arbeidet med toalettanlegget kjem i gong måndag 12. desember med ei byggetid på 45 dagar.

 

937

Blokker av polybetong skal brukes i det nye toaalettanlegget

Ny brønn på Tombontsoa

I fjor i november vart det lagt ned 2,5 km med røyr og slangar i det store vassleidningsnettet på Tombontsoa, då ein dugnadsgjeng frå Varhaug var der ute. I år sto arbeidet med å forbetre ein av brønnane på skulen for tur. Rolf Moi reiste til Tombontsoa i oktober -16 for å stå for dette arbeidet med å grave ut og støype den 18 meter djupe brønnen på nytt. Det vart laga ny forskaling i verkstaden som skulle nyttast til dette, så det vart eit omfattande arbeid.

God innsats frå arbeidslaget som var med

4 murarar og 4 andre arbeidsfolk var med under arbeidet med den nye brønnen. Dei skulle djupt ned for å grave ut og støype, så det vart laga til ein innretning for å kome ned på ein skikkeleg måte. I byrjinga av desember vart brønnen ferdig.

To gamle tårnsiloar vart revne

Dei to gamle siloane, den eine bygd i 1966, og den andre i 1972, var ikkje i bruk lenger. Desse vart revne for og brukast som bakfyll i brønnnen. Nå er brønnen ferdig, og det store arbeidet som dugnadsgjengen frå Norge gjorde i 2015, er sluttført med arbeidet med denne brønnen. Vasstilførselen på Tombontsoa er nå heilt perfekt, med godt trykk og rikeleg med vatn til alle skulebygningane og driftsbygningane på skulen.

Ungdomslaget på Varhaug

3 av medlemene i ungdomslaget på Varhaug var med i dugnadsgjengen i fjor haust. Det var ungdomslaget som gjennom Jordbruksskolenes Venner finansierte fornyinga av vassleidningsnettet og denne nye brønnen. Stor takk til ungdomslaget på Varhaug for denne kjempeinnsatsen på Tombontsoa Jordbruksskule.

023

Lederen for arbeidslaget og Rolf Moi ved den nye brønnen

Reparasjon av det store grisehuset på Tombontsoa

Det gamle grisehuset på skulen trong ei fornying. Innredninga var rusta og øydelagd og veggene trong reparerast i fødeavdelinga og gjeldpurkeavdelinga. Eit firma som la inn anbud på dette, har dei siste to månadene halde på med reparasjonen av huset.

Tomb vidaregåande skole med

Elevane på Tomb vidaregåande skole har gjennom Operasjon Dagsverk og Vårløpet samla inn pengar til reparasjon av grisehuset på Tombontsoa. Flott at elevane på Tomb kan vere med på dette arbeidet. Pengane går via Jordbrukskolenes Venner.

Satsing på gris framover

Det er nå gode prisar både på smågris og slaktegris. Etterspørselen etter kvalitetsgris er stor, og dette vil Tombontsoa utnytte. Dei sel stort sett all smågrisen dei produserer til dei som forar grisen opp til slakt. Med det opprusta grisehuset vil skulen står godt rusta til å produsere meir gris, også med tanke på at dei treng pengar for å dekke mest mogeleg av skuledrifta.

078

Ny innredning i grisehuset. Rolf Moi viser resultatet

Ungdomslag med praktisk U-hjelp

Av Arne Dragsund, Jordbruksskolenes Venner

Det vert snakka mykje om det, og det vert forska mykje på temaet: Kva er effektiv utviklingshjelp i 2016? Det kan vere mange svar, og ulike svar. Eitt svar kjem frå Varhaug Kristelege Ungdomslag på Varhaug i Rogaland. Slik er dei aktive medarbeidarar på ein jordbruksskule på Madagaskar.

 

Reint drikkevatn til jordbruksskulen Tombontsoa på Madagaskar

Tombontsoa vart bygt opp i åra 1962-65, og det første elevkullet starta opp i 1965. Det vart då grave brønn og lagt nye vassleidningar inn til skulebygninar, internatet, bolighusa og alle driftsbygningane i det store gardsbruket med mjølkykyr, griser og andre husdyr. Etter 51 års drift av skulen, var vassleidningane lekke med lekkasjer over alt, og pumpa i brønnen greidde ikkje å tilføre nok vatn i tørketida då det vart rasjonering på vatnet. Det kom søknad frå Tombontsoa om Jordbruksskolens Venner (JV) kunne støtte eit prosjekt med å fornye heile anlegget.

 

Ungdomslaget på Varhaug tok utfordringen

Ungdomslaget samla inn pengar til å kjøpe nye vassleidningar av forskjellige storleikar der ute, og koblingar gav fleire bedrifter på Jæren. Desse vart tekne med til Madagaskar. Ungdomslaget har om lag 100 medlemmer med samling fredag kveld og møte i ungdomslaget laurdag kveld.

 

Dugnad 5.-27.november 2015

3 ungdomar frå Ungdomslaget reiste saman med 4 frå Jordbruksskolenes Venner til Tombontsoa for ein stor dugnad for å legge eit heilt nytt vassledningsnett. Dei hadde gassiske medhjelparar med som grov opp nye grøfter. Dugnadsgjengen la ned røyr på heile skuleområdet, til driftsbygningar, skulebygningar og bolighusa på heile skulen. I alt vart det lagt ned 2,5 km med nye røyr. Eit perfekt vassleidningsnett i dag med godt trykk i heile anlegget. Det er slutt på rasjonering av vatnet, nå er det godt trykk overalt. Nå står bygginga av nye toaletter for studentane på skulen for tur. Også det har Ungdomsslaget på Varhaug samla inn pengar til. Dugnadsgjengen reiste ut for eiga regning, og nokre måtte ta fri frå arbeidet for å vere med.

 

Overrekking av ei stor gåve frå Ungdomslaget

Styret i Jordbruksskolenes Venner fekk 30.august vere med på ei overrekking utanom det vanlege. Dei som var med på dugnaden i fjor, overrekte ein sjekk på 150.000 kr. frå Ungdomslaget til Ole Moi, leiaren i Jordbruksskolenes Venner. Desse tre som vi ser på biletet frå venstre: Svend Auestad, Bjarne Skrettingland og Sondre Varhaug, tykkjer det er gildt å få vere med på ei slik stor oppgåve på jordbruksskulen Tombontsoa på Madagaskar. Her er det ikkje berre å samle inn pengar i Norge, men dei reiser også ut for å gjere ein viktig jobb som viser igjen. Vennskap vert knytta, to kulturar møtest, folk med ulik bakgrunn og forutsetningar kan arbeide saman om ei oppgåve. Opplæringa skjer i ei praktisk samhandling, i dette tilfelle korleis ein kan legge ned 2, 5 km med nye vassleidningar, koble røyra saman og konkret løyse dei programa som dukkar opp under veis.

 

Stor respekt av ein slik innsats

Frå Jordbruksskolenes Venner: Ei varm takk for pengane og den store innsatsen frå ungdomane på Varhaug. Dette står det stor respekt av! Arbeidet vil medvirke til godt drikkevatn på Tombontsoa i endå nye 50 år. Og skuleleiinga er begeistra for denne innsatsen frå Norge, og ungdomane på Varhaug.

20160830_213514

Overlevering sv gavesjekken.

Fv.Sven Auestad, Bjarne Skrettingland, Ole Moi og Sondre Varhaug

Økonomien på Tombontsoa og Fihaonana

Støtte til drifta

Skulane har bak seg henholdsvis 51 og 33 år. Gjennom desse åra har det blitt uteksaminert fleire tusen unge som har gått tilbake til jordbruket eller dei har fått arbeid i staten eller private organiasjonar. Nokre har studert vidare.

 

Støtte frå Norge

Det lutherske verdensforbund (LWF) og Norad har vore viktige bidragsytarar saman med NMS for oppbygging og drift av skulane. I dei seinare år har også Jordbruksskolenes Venner (JV) spelt ei viktig rolle for fornying av gardsbruka, nydyrking av udyrka jorda,  restaurering og nybygg av driftsbygningane i gardsbruka og innkjøp av traktorar og jordbruksreiskapar, samt utsending av kontainarar med reiskapar og utstyr til skulane. Gjevarar til JV over  heile landet har støtte dette arbeidet med pengar. Menigheter og Tomb vidaregåande skule har også bidratt med støtte til JV arbeidet.

 

Dugnader på skulane

Omtrent kvart år har skulane hatt  besøk av dugnadsfolk frå Norge.  Det har vore reparsjonar av traktorar og utstyr, bygging av ein stor gjødselskum og fornying av heile vassleidningsnettet på Tombontsoa. Opplæring av personellet ved skulane i adminstrasjon og leiing, drift av husdyravdelingane og jordbruket samt opplæring i  meir effektiv bruk av oksar som trekkdyr i opplæring og drift på begge skulane, har vore ein del av opplegget på dugnadsturane. Reisa på slike turar har dugnadsfolket sjølve betalt, og skulane har halde kost og losji for dei som reiser ut.

 

JV inn på drift av skulane

Frå starten av har JV hatt fokus på fornying av utstyr og reiskapar i gardsbruket og restauring av driftsbygningane for at skulane skal kunna ha eit godt grunnlag for drifta i avdelingane.  Det er ikkje lenger støtte frå Norad til drift av skulane, så nå har NMS gått inn for støtte til drfita av det eittårige kurset på Tombontsoa og kurset på Fihaonana. Dei har bedt om at JV også er med og bidreg til dette.

Så er JV sin filosofi at det nyttar lite om alle driftsbygningane er i god stand og alt det tekniske fungerer, dersom det ikkje er elevar på skulane. Så det er gjort eit vedtak i styret om at JV skal vere med og bidra til at begge skulane skal ha undervisning for ungdom også i åra framover. Det er gjort mykje på gardsbruka frå JV si side dei seinare åra, og nå er det såleis ei naturleg utvikling for JV at også noko kan gå til drifta av sjølve opplæringa av elevane. JV har også bestemt at tidlegare elevar frå Tombontsoa skal få støtte til å kome i gang med ein produksjon, for eksempel hønseavl, når dei er ferdige med skulen for dei som manglar eit startgrunnlag. Pengane vert kanalisert gjennom  foreininga Afri i Antsirabe som gjev etablerstipent til unge folk for å starte opp si eiga bedrift.

 

Bidrag frå gardsdrifta

Meininga er at også skulane skal bidra med inntekt frå gardsbruka til drift av skulane. Ei god drift av gardsbruka vil samtidig vere ei god undervisning, sidan elevane har si praktiske opplæring på gardsbuka i opptil 50 % av skuletida

 

IMG_1669

Elever på Fihaonana. Rektor Randrianarijao Hobiharisoa t.v.

088

Elevene på Tombontsoa under 50 årsjubileet i 2015

Stor dag på Tombontsoa jordbruksskule

Torsdag 25.februar 2016 var ein stor dag på Tombontsoa. 54 studentar i IPSATTA (Institut Professionell Superieur en Agronomie et en Technologies de Tombontsoa) fekk sine diplomar « Licence en Agronomie ». Medrekna desse er det i alt 224 studentar i høgskuletilbodet på Tombontsoa.

Studieopphold

I løpet av studiet har studentane hatt praksis i gardsbruket på Tombontsoa, og dei har vore innom Fifamanor og fleire andre statlege institusjonar og prosjekt. Nokre har hatt studieopphald i Frankrike, Sør-Afrika og La Reunion. Tombontsoa er medlem i eit nettverk av skular i tilknytning til regionar som grensar til Det indiske hav.

Gratulerer

Det er gledeleg at Tombontsoa, i tillegg til ordinær undervisning i jord- og husdyrbruk i det eittårige kurset og Lycee Agricole, også har dette høgskuletilbodet. Vi sender våre gratulasjonar til dei studentar som nå har fått sine Licence en Agronomie og til Tombontsoa jordbruksskule.

 

sortie de promotion 25 fevrier 2016

54 studentar er uteksaminerte med Licence en Agronomie

 

sortie de promotion 25 fevrier 2016 Discour du  directeur

Rektor Rasoloson Lala held tale til dei ferdige kandidatane

Stor jobb på Tombontsoa jordbruksskole

Det store arbeidet som dugnadsgjengen fra Rogaland gjorde på Tombontsoa i november i fjor, resulterte i fornying og viktig vedlikehold på Tombontsoa jordbruksskole. Dårlig vannforsyning var et vanlig fenomen i mange år med avstenging av vannet til boligene, og for lite vann til dyra i husdyravdelingene. Pumpene i de to brønnene gikk for fullt, og likevel var det til tider ikke nok vann til skolen, boligene og driftsbygningene.

Ledningsnettet ødelagt

Grunnen til alt dette var at ledningsnettet var rustet opp og lakk flere steder. Skolen ble bygget opp i tiden 1962-65, med det første kullet elever som startet opp i 1965. Vannledningene hadde vart i godt 50 år, og det var nødvendig med en fullstendig fornying av hele ledningsnettet.

Dugnadsgjengen arbeidet på spreng

I løpet av disse ukene gjorde de 7 karene fra Rogaland en stor jobb på Tombontsoa. Sammen med gassiske medarbeidere la de ned rundt 2,5 km med nye plastrør som ble kjøpt på Madagaskar. Koplinger hadde de med fra Norge. Nå fylles vanntårnet raskt opp, og det er godt trykk på vannet overalt. Pumpene går lite i forhold til tidligere, og dette gjør at det også spares strøm på skolen. Senere i år skal den ene brønnen repareres, og etter det regner Jordbruksskolenes Venner med at arbeidet med fornying av vannforsyningen på Tombontsoa er avsluttet. Det er verdifullt at JV kan være med på en slik viktig vedlikeholdsoppgave på Tombontsoa. Det hører med til historien at flyreisene ble betalt av de som reiste ut for å gjøre dette viktige arbeidet. Skolen dekket oppholdet deres på Tombontsoa.

 

IMG_8616

Rolf Moi fra JV viser en kum med koblinger på det nye vannledningsnettet.

Foto: Arne Dragsund

 

IMG_8617

Det ble også bygget en ny vaskeplass for traktorer og redskaper.

Foto: Arne Dragsund

Årsmelding for Jordbruksskolenes Venner for 2015

Året 2015 var et begivenhetsrikt år for jordbruksskolene Tombontsoa og Fihaonana. På Tombontsoa var det 50 års jubileum i juli, samtidig som de bestemte å starte opp med Lycee agricole, en treårig utdanning for ungdom som gir studiekompetanse. Skolen fikk også økonomisk støtte fra Det Norske Misjonsselskap for å fortsette med det ettårige kurset.

På Fihaonana var det også vansker med finansiering av det ettårige kurset, siden Norad ikke lenger gir støtte til skoledrifta. Her kom Jordbruksskolenes Venner inn med støtte fra 1.oktober 2015 og 6 måneder framover. NMS dekker resten av skoleåret 2015-2016. Det skal søkes om økonomisk støtte  til skoledrifta for 2017 og 3 år framover med tanke på å finansiere det viktige ettårige kurset på begge skolene. Det er disse som skal utdanne unge gassere til bønder, og det har helt siden starten av skolene i henholdsvis 1965 og 1983, vært det grunnleggende ved virksomheten på skolene.

Les mer om dette og JV sitt samarbeid med skolene i 2015.

Link: Årsmelding JV 2015, 22.01.16

Skuleåret i gang på Tombontsoa og Fihaonana

Skulane er nå i gang med nytt skuleår. På Tombontsoa vart det første kullet Lycee Agricole med 115 elevar starta opp i oktober-15. I desember starta det opp 37 elevar i det ettårige kurset, eit kurs som Det Norske Misjonsselskap støttar i sin heilhet dette skuleåret. IPSATA som er høgskuletilbodet på Tombontsoa, går sin gang. Medrekna desse er det nå 300 elevar og studentar på skulen dette året. Som kjent gir ikkje lenger Norad støtte til drifta av jordbruksskulane på Madagaskar, slik at det eittårige kurset på Tombontsoa vart lagt ned siste året, etter 50 års drift av skulen. Nå har altså NMS gått inn med hjelp for at dette kurset skulle halde fram eit år til.

På Fihaonana starta det eittårige kurset opp 6.januar-16 med 35 elevar. I tillegg har staten bedt skulen om å gi opplæring til 20 elevar som staten sjølv har plukka ut. Desse skal ha eit toårig undervisningsløp, og skal seinare tilbake til sine landsbyar som bønder. Jordbruksskolenes Venner (JV) har støtta Fihaonana økonomisk frå 1.oktober 2015 i 6 månader framover. Resten av skuleåret dekkar NMS.

Ny søknadsrunde

Tombontsoa og Fihaonana skal utarbeide ein søknad og planar for drifta av skulane i tre år frå 2017. Søknaden må vere komen til NMS før 1.april 2016. NMS vil vurdere søknadene frå Tombontsoa og Fihaonana om økonomisk støtte til drifta av jordbruksskulane desse tre åra. JV vil også vere med, og har gitt NMS melding om at JV kan bidra med økonomisk støtte, slik at det framleis er mogeleg for gassisk ungdom og få opplæring i viktige jordbruksfag ved desse to sentrale fagskulane i landbruket på Madagaskar.

IMG_1156

Rektor Rasoloson Lala t.h. sammen med to av lærerne på Tombontsoa.

 

IMG_6311

Elevene ute i grønnsakåkeren på Fihaonana.