Ny leiar i styret for JV

I styremøtet for JV 10.januar vart Rolf Moi vald til ny leiar i JV etter Ole Moi som døydde 8. oktober 2017. Rolf har vore med i JV sidan starten, og kjenner godt arbeidet på jordbruksskulane Tombontsoa og Fihaonana. Han og familien var misjonærar på Tombontsoa ein periode. Han har og vore på skulane på dugnad, t.d. graving og støyping av brønnar, utgraving og støyping av ny mjølkegrav på Tombontsoa og nå sist i november 2017, graving og støyping av ny brønn på Fihaonana.

 

Styret er etter dette:

Leiar: Rolf Moi

Sekretær: Arne Dragsund

Kasserar: Kjell Dale

Medlemskontakt: Kolbjørn Lerstøl

Styremedlem: Jonas Skrettingland

 

Rolf Moi