40 årsjubileet på Fihaonana jordbruksskule

4Skulen hadde feiring i tida 1.- 4. desember 2023. Sjølve jubileumsfeiringa var måndag 4. desember. Dagen før var det gudsteneste i Voatsoa kyrkje like ved, ei kyrkje som Fihaonana har bygt opp litt etter litt saman med kyrkjelyden. 

Laurdag 2. desember var det samling for tidlegare elevar, der rektor Hoby og lærar Noely hadde ein gjennomang av måtar å starte samvirkelag i landbruket på. Rektor tok med forhold i Israel etter turen han hadde dit tidlegare i år. Arne Dragsund avslutta samlinga med å fortelje om korleis samvirket kom i gang i Norge, og den betydning dette har hatt for veksten i norsk landbruk gjennom tidene. 

Elevane song i gudstenesta søndag.
Foto: Randriamahaleo Bary
Kvinnene på skulen song under gudstjenesta.
Foto: Randriamahaleo Bary

Mange gjester på jubileet

Rundt 400 gjester var til stades på jubileumfeiringa måndag, som var leia av visepresident i Manakarasynoden, Randrianiaina James, og rektor Randrianarijao Hobiharisoa. Historia til skulen går tilbake til arbeidet i FaFaFi i Manakara, som Arne Dragsund bygde opp og leia i tida 1979-1982. Rettleiingstenesta trong eit kurssenter, så austsynoden ga Fihaonana, som då var eit lite brukt ungdomssenter, til FaFaFi. Arne Dragsund planla så ein ny jordbruksskule på Fihaonana, etter at synoden hadde vedteke at dei ville ha ein jordbruksskule på austkysten. Søknaden om støtte til utbygging og drift vart sendt til NORAD i 1981, underteikna av synodepresident Soamila Felix og Arne Dragsund. FaFaFi fekk eit positivt svar frå NORAD i 1982, at søknaden om oppbygging og drift av skulen, var innvilga. Ramiharimanana Felicite starta då opp som den første rektor med oppbygging av skulen. Det første kullet kom altså i gong i 1983 med berre 8 elevar, fordi det var nokså ukjent på aust på den tid at ungdom trong jordbruksutdanning. I dag er det stor søkning til skulen, ikkje mindre enn 160 søkarar til det 40. kullet som nå gjekk ut. Ramiharimanana Felicite og Mahadimby Gerard fortalte om starten på skulen og hadde ei bildeframvisning frå den første tida fram til i dag. 

Mange av gjestene kom med helsingar på jubileet, mellom andre fylkesmannen, synodeleiinga og Arne Dragsund, som helsa frå styret i JV og overrakte eit bilete med innskrift på gassisk om gåva til skulen som nemnt tidlegare. Han helsa og frå Det Norske Misjonsselskap og las opp gratulasjonsbrevet frå Arild Bakke i NMS som ikkje hadde høve til å vere med på jubileet. Det var eit vel gjennomført og fint jubileum på Fihaonana desse dagane. Som nemnt tidlegare, var Fihaonana den einaste jordbruksskulen på heile austkysten av Madagaskar, bortsett frå eit Lycee Agricole som staten hadde på den tida i kystbyen Toamasina. Denne skulen vart nedlagt midt på 80 talet på grunn av finansielle problem i staten. I dag er det nokre få kurssenter i jordbruk på austkysten, men Fihaonana er den største og viktigaste skulen, som får elevar ikkje berre frå austkysten, men og frå Fianarantsoa og andre område i Innlandet og sør- og vestkysten.

Pastor Randrianiaina James, rektor Randrianarijao Hobiharisoa, Arne Dragsund. Foto: Randriamahaleo Bary.

Rektor Hoby og hans medarbeidarar på skulen. Dei fleste av dei 48 elevane i det 40. kullet. Foto: Randriamahaleo Bary.

Så tek ein ny epoke i skulen si historie til, med det 41. kullet som tek til i januar 2024. Opptaket av nye elevar skjer fleire stader på Austkysten og i Innlandet, med ei praktisk oppgåve og intervju med kvar enkelt, i tillegg til ei teoretisk oppgåve. Som nemnt tidlegare, var det svært stor søkning til det 40.årskullet, og det er gledeleg at så mange unge ønskjer ei jordbruksutdanning, både på Fihaonana og på Tombontsoa. Begge desse skulane er mellom dei skulane som ligg lengst framme når det gjeld undervisning i landbruk på Madagaskar. Begge skulane er som det heiter, Ecole agree, dvs. dei er godkjende av myndighetene som fagskular i landbruket.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *