Solcellestraum til Tombontsoa

Tombontsoa jordbruksskule på Madagaskar brukar rundt 200.000 kr. i straum i året. Straumen som kjem via det statlege elektrisitetsverket Jirama, er veldig dyr. Prisen steig nesten 100 % siste året. Noko av straumen på Madagaskar vert produsert med vannkraft, men det meste utover landet produserast med dieselaggregat.

Solcellestraum

Tombontsoa har teke kontakt med JV om å innstallere solcellestraum på skulen, i driftsbygningane og bolighusa. Jordbruksskolenes Venner har sendt ut pengar til skulen for å skifte alle elektriske kablar og innstallasjonar i bygningane, som var modne for utskifting etter godt 50 års drift. Eit gassisk firma er i gong med dette nå, sjå tidlegare artikkel. Fihaonana fekk for eit par år sidan innstallert solcellestraum som i dag dekker rundt 35 % av straumbehovet. Vi må heller ikkje gløyme miljøeffekten av å kunne ha solcellestraum i eit land der det er nok sol, og der alteranativet er bruk av dieselaggregat frå E-verket.

Økonomisk bærekraft

Det er godt 400 elevar og studentar på skulen i dag. NMS og JV dekker halvparten kvar av driftskostnadene til det eittårige jordbrukskurset dei har for inneverande år. Eigenandelen til skulen i driftsbudsjettet burde vore høgare enn den er i dag. Med solcellestraum og innsparing i straumkostnadene, er det mogeleg å auke denne betrakteleg.

Ekstra løft for å skaffe pengar til dette

Styret i JV vil med dette oppmode deg som les denne artikkelen om å gje eit bidrag til at Tombontsoa kan få montert solcellepanel på skulebygningane og driftsbygningane. Eit firma på Madagaskar vil kunne montere dette anlegget når pengane er klare. Du finn kontonummeret og Vippsnummer på heimesida. Takk for det du vil gje til dette tiltaket!

 

Rektor Rasoloson Lala har eit sterkt ønskje om å få solcellestraum på Tombontsoa

 

Aktuelt å montere solcellepanel på fjøstaket

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *