Avslutning på Tombontsoa

Tombontsoa jordbruksskule har mange kurs gåande. Eitt av desse er det eittårige agronomkurset FPQ Formation professionnelle qualifiante. Dette kurset har vore med frå starten på skulen i 1965, som ei viktig utdanning av unge bønder.

Avslutning av det 54. kullet for gutar og 32. kullet for jenter

30. august var det stor avslutning av dette skuleåret. Elevane hadde sjølv valt ordet Mendrika som tyder Verdig, som namn på dette kullet. 72 elevar gjekk ut nå, med 44 gutar og 28 jenter. Skulen tok til 15. november 2018. Generalsekretæren i FLM, presidenten og fleire frå SPAM synoden var til stades. I tillegg prefeten i Antsirabe og representantar frå den gassiske Presidenten og jordbruksdepartementet og undervisningsdepartementet. Forsknings- og utviklingsprosjektet Fifamanor var og representert og kommunen Ambano som Tombontsoa høyrer til. Andre statlege myndigheter deltok også sidan det var utdeling av medaljer til tilsette på skulen.

Undervisninga

I alt får dei i dette kurset 660 timar teori og 700 timar praksis i dei praktiske avdelingane i gardsbruket. Faga er jordbruk, husdyrbruk, økonomi og rekneskap, sosiologi, helse og kroppsøving og kristendomskunnskap. I tillegg kan elevane vere med i bibelgrupper, gruppe for idrettsfag og gruppe for å halde taler. I år var det 15 elevar som vart konfirmerte i Mandrososoa kyrkje som skulen høyrer til.

Elevar frå heile landet

Skulen har 24 plassar over heile Madagaskar kor elevane har opptaksprøve, både teoretisk og praktisk. For dette kurset var det heile 142 som gjekk gjennom opptaksprøven, og 78 vart tekne opp.

Utdeling av utmerkingar

Under avslutningsfesten fekk fleire tilsette på skulen utmerkingar frå Den gassiske stat, mellom andre rektor Rasoloson Lala som fekk Chevalier de l’Ordre National Malgache (Ridder av den gassiske nasjonalorden). Gratulerer!

 

Elevane på avslutningsfesten

 

Tilsette fekk utmerkingar frå Den gassiske stat

 

Rektor Rasoloson Lala vart utnemd til riddar av Den gassiske nasjonalorden

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *