Utviding på Fihaonana jordbruksskule

Fihaonana har vore i gong sidan 1983 med eit 10 månaders kurs for ungdom på austkysten og frå andre stader på Madagaskar. Dei har og i mange år i tillegg hatt 3 månaders kurs for dei som vil ha opplæring i for eksempel hønseavl, bieavl, svineavl eller planteproduksjonar som vaniljedyrking og grønsakdyrking.

Centre Incubateur Fihaonana

Den gassiske stat har spurt om skulen kunne ha kurs for arbeidslause akademikarar frå heile Madagaskar i entreprenørskap. Staten bygde opp skulebygningar og internat for desse 40 studentane dei har i året, og det er bygt vasstårn, toalett og dusjar. Kurset starta opp i fjor haust, og 37 gjekk ut nå i oktober. Rektor Randrianarijao Hobiharisoa fortel at alle saman nå har starta si eiga bedrift eller produksjon i landbruket. Staten har gitt dei eit startstipend for å kome i gong med produksjonen.

Nytenkning på skulen

Det som nå er i gong av opplæring på mange plan, viser at personalet på skulen, med rektor i spissen, tenker nytt om korleis skulen skal drivast framover. Dei er og opptekne av korleis dei kan auke inntekta frå gardsbruket og fiskeoppdrettet for å kunne bidra meir med pengar til drifta av det eitt årige kurset dei har hatt sidan starten.

 

Kurssenteret for entreprenører

Foto Arne Dragsund

 

  Staten har bygget nye bygninger

 

Rektor Randrianarijao Hobiharisoa i det nye klasserommet for studentene i
kurset for entreprenører

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *