Ein hedersmann er gått bort

Leiar i styret for Jordbruksskolenes Venner, Ole Moi, døydde på sjukehuset i Stavanger natt til 8.oktober 2017. Han har vore sjuk ei tid, men var alltid ved godt mot og var aktiv med i diskusjonane i dei mange saker som JV er oppe i inntil den siste tida.

Stor innsats

Ole Moi var med og starta JV for rundt 10 år sidan. Interessen for Madagaskar kom etter eit besøk på Tombontsoa jordbruksskule i Antsirabe. Seinare har det vore mange besøk og dugnadsinnsats med reparasjon av traktorar og maskinar, støyping av ny landkumme og legging av 2,6 km med nye vassrøyr og koblingar på heile skuleområdet på Tombontsoa. Restaurering av fjøset og grisehuset på Tomtontsoa var og med i planane. Iveren etter å hjelpe Fihaonana jordbruksskule var også til stades. Her vart det bygt nytt fjøs, grisehus og hønehus og rundt 80 mål av jorda på skulen er dyrka opp, i tillegg til ei ny kraftformølle for produksjon av kraftfor for eige bruk og salg til husdyrbrukarar i området.

Takksemd frå skulane

Skulane har mange gonger gitt uttrykk for takksemd for den store innsatsen Ole har gjort på skulane på Madagaskar. Med sitt gode humør og store pågangsvilje, har samarbeidet med Madagaskar og utvikling av jordbruksskulane, sett store og varige spor hos dei gassiske medarbeidarane. Innsatsen til Jordbruksskolenes Venner viser igjen på skulane.

Stor kontaktflate på Jæren

Ole Moi var aktiv i nærmiljøet og elles med å samle inn pengar til JV. Ikkje få er dei som har vorte gjevarar etter eit besøk av Ole, eller ei samtale på tomanshand. Det er sendt mange kontainarar til Madagaskar gjennom desse åra, med jordbruksutstyr og anna som er samla inn, både nytt og brukt utstyr. Vi andre i styret er takksame for den tida vi har hatt saman med Ole i eit viktig arbeid for jordbruksskulane på Madagaskar. Og vi lyser fred over Ole sitt gode minne!

Ole Moi t.v. er med og pakkar ned deler til mjølkeanlegget på Tombontsoa saman med gode medhjelparar på Varhaug.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *