Grøn diakoniprosjektet i Den Gassisk Lutherske Kyrkje (FLM)

Dette er eit nytt program i FLM som kom i gang i 2016. Jordbruksskulane Tombontsoa og Fihaonana er sentrale i dette opplegget.

Hyrdar og deira funksjon

Kvinner og menn får opplæring i 2 år før dei blir innvigde til hyrdar i kyrkja. Etter det har dei ansvar for ei viktig diakonal side ved kyrkja sitt arbeid, å be for sjuke menneske og delta i utdriving av vonde ånder. I dag er det rundt 20.000 slike hyrdar i FLM spreidd over heile Madagaskar.

Sjukelandsbyar (tobyar)

Kyrkja tek seg av mentalt sjuke menneske i såkalla tobyar eller sjukelandsbyar. Her kjem det menneske som treng hjelp og omsorg. Mange blir friske igjen etter kort tid, andre blir verande i tobyen nokre månader eller år. Hyrdane steller dei og gir dei mat og omsorg den tida dei er der.

Staten har to sjukehus for mentalt sjuke menneske, men elles er det toyane i den lutherske kyrkja som tek seg av desse sjuke.

Opplæring i grønsakdyrking og skogplanting

Dei to jordbruksskulane har hatt undervisning for 10 hyrdar frå 4 tobyar i 2016-17. Kursa varte i 14 dagar med ei oppfølgjing av hyrdane då dei kom tilbake til sine sjukelandsbyar. Tema som grønsakdyrking, potetdyrking, laging av kompost, bruk av husdyrgjødsel og skogplanting var med i programmet.

Dei sjuke med i praksis

Grøn diakoniprosjektet går ut på at hyrdane, som har fått grundig opplæring i hagebruk og skogplanting, tek dei sjuke med seg ut på åkeren og dyrkar mange forskjellige vekster. Dette er for det første god terapi for dei sjuke som kan arbeide med hendene i staden for å sitje passive heile dagen utanfor husa sine. Nå deltek dei i arbeidet på åkeren saman med hyrdane, og dei kan dyrke litt av den maten dei treng til dagleg. Tidlegare låg jorda i tobyane som oftast brakk, og derfor er dette prosjektet også viktig med tanke på dyrking av mat for dei sjuke og hyrdane som steller dei.

Fleire tobyar dette året

Organisasjonen Plant eit Tre i Norge har gitt pengar til jordbruksskulane for at dei skal delta i dette opplegget med grøn diakoni. I år skal 4 nye tobyar få hjelp i tellegg til at dei 4 som har vore med så langt, skal følgjast opp i 2 år framover. Dette arbeidet har stor betydning for behandlinga av dei mentalt sjuke som kjem til tobyane. Når dei er friske igjen, får dei med seg nokre posar med grønnsakfrø heim til landsbyen, og kan såleis dyrke sine eigne grønsaker når dei kjem heim igjen. Dei har lært dette i tobyen, og tek med seg lærdomen heim til landsbyen.

DSC_0180

Ein som spar jord rundt potene. Hyrden til høgre rettleier

DSC_0189

Ein av pasientane vatnar grønsakene.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *