Jordbruksskulane på Madagaskar i desse koronatider

Madagaskar fekk også smitte av koronaviruset, med folk som kom frå Italia, Frankrike og andre land i Europa og frå Kina. Myndighetene med den gassiske presidenten i spissen, stengde raskt alle flygningar til landet, og dreiv omfattande sporing av dei som var smitta. Dersom dei fann nokon som var smitta av dei som kom til landet, plasserte dei desse i hotell i hovudstaden og behandla dei der. I skrivande stund er det ingen døde av korona på Madagaskar så langt.

Bruk av Artimisia

På Madagaskar dyrkar dei ei plante som heiter Artimisia. Dei lagar eit ekstrakt av denne, og har lenge forska på kva denne kan verke mot. Den er effektiv mot malaria, forskjellige typer av kreft, tyfoidfeber, bilharziose og andre sjukdomar. Nå er den prøvd mot korona også, med godt resultat, seiest det i aviser og TV på Madagaskar. Presidenten har nå lansert den som eit profylaktisk middel mot korona. Den vert delt ut til folk, og elevar som skal begynne på skulen igjen, skal også få denne medisinen dersom foreldra vil det. På gassisk fjernsyn var det reportasjar frå samtalar mellom den gassiske presidenten og presidentane i Kongo og Senegal om det er mogeleg å få denne medisinen til desse landa også. 

Skulane stengde

Alle skular på Madagaskar vart stengde nokså fort etter at smitten kom til landet, men dei skal nå opnast igjen litt etter litt. Jordbruksskulane skal starte opp undervisninga igjen 4. mai. Dette gjeld agronomklassane på Fihaonana og Tombontsoa. Som kjent har desse mykje praksis i gardsbruka. Lærarane og andre tilsette har arbeidt i gardsbruka for å halde drifta i gong i den tida skulane har vore stengde. Dei andre kursa på skulane kjem i gong etter kvart, slik som høgskuletilbodet på Tombontsoa og kurset for entreprenørar på Fihaonana.

Gardsdrifta som normalt

På Tombontsoa hadde dei mykje 16 vekers kyllingar som var klare til salg då skulane vart stengde på grunn av koronasmitten. Rektor var redd for at dei ikke vart av med alle desse kyllingane som dei hadde bestilling på. Men det gjekk godt med salet etter dei bestillingane dei hadde. På fjøset var det litt vanskeleg å bli kvitt all mjølka som konsummjølk ei tid, men då laga dei smør og ost av mjølka i staden. På Fihaonana har og arbeidet i gardsbruket gått som vanleg. Dei fekk like før påske ny yngel av Tilapia som dei har i fiskedammane. Denne henta dei med bil i Antsirabe. Dei held på med å klargjere to fiskedammar for oppal av stamfisk, slik at dei kan produsere yngelen sjølv. Det er stor etterspørsel etter denne fisken i Manakara by.

Turen til Israel avlyst

Dei to rektorane skulle etter planen reise til Israel 18. mars for eit 9 dagars studieopphald i husdyrbruk og plantedyrking, forsøksverksemd og undervisning i landbruket. På grunn av koronakrisen, er dette besøket utsett. Vi tek sikte på at dei reiser når forholda vert normale igjen. 

 

Elevane på Fihaonana pottar stiklingar av vanilje.

 

Rektor Hoby har opplæring av personalet på skolen.

 

Rektor Lala i en studentklasse på Tombontso. De kommer nå i gang igjen etter
koronakrisen 

 

Rektor Lala på Tombontsoa i fjøset. Mjølkeproduksjonen er viktig.

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *