Ny samarbeidsavtale med Det Norske Misjonsselskap

Jordbruksskolenes Venner og NMS har hatt ei samarbeidsavtale nokre år. Fredag 2. mars -18 vart ei ny avtale for 2018- 20 skrive under. Frå JV møtte leiar i styret, Rolf Moi, og frå NMS Anne Karin Kristensen som er seksjonsleiar for diakoni.

Viktig samarbeid

Hensikten med denne avtalen er og synleggjere korleis ein kan samarbeide når det gjeld innsamling av pengar, utsending av pengar til skulane, informasjon om det som skjer i kyrkja som eig dei to jordbruksskulane, og ikkje minst halde kvarandre orienterte om dei planar JV og NMS har om drifta av dei to skulane.

Kontakten med skulane

JV har den direkte kontakten med skulane til ei kvar tid. Når skulane søkjer om pengar til eit prosjekt, eller innkjøp av maskinar og utstyr, sender dei søknaden via dei kyrkjelege kanalane før den kjem til JV for behandling i styret. Det kan vere litt fram og tilbake mellom JV og skulane om tekniske ting i samband med søknaden. Men når søknaden er ferdig og sendt slik den skal, vil styret i JV behandle den fort. Og skulane får eit raskt svar tilbake. I samarbeidsavtalen står det såleis litt om korleis samarbeidet mellom JV og skulane skal foregå på mange område. Mellom anna at skulane skal sørge for hus og kost til dei som kjem på dugnadsoppdrag frå Norge, samt intern transport på Madagaskar.

 

Anne Karin Kristensen og Rolf Moi skriv under avtalen.

Foto: Eivind Hauglid

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *