SKOGPLANTING PÅ TOMBONTSOA JORDBRUKSSKULE

Kvart år plantar elevane skog på den rundt 200 dekar store skogeigedomen Ambatomainty som høyrer til Tombontsoa. Noko vart og planta inne på skuleområdet. Trea veks fort i dette klimaet, og det er ikkje lenge sidan dei hogg ut eit stort felt med furu frå denne skogen.

Skogdagen i år

28. februar-23 var avsett til skogplanting for elevane i alle klassane på skulen. I alt vart det denne dagen planta 3500 skogstre. Nytt av året er også at det vart planta Moringa, eit tre som vert kalla mirakeltreet, fordi blada kan brukast som mattilskot. Dei inneheld alle aminosyrer og ei rekkje mineral og vitaminar. Skulen har teke til med kurs i dyrking av Moringatre, og dette treslaget vert også spreidd til sjukelandsbyane gjennom Grønn diakoni-programmet. 

Samarbeid med Miljøverndepartementet

Skulen har i år eit samarbeid med Miljøverndepartementet, som og hjelper til med å skaffe gode planter av skogstre og andre treslag som skulen treng. Dei har og ein planteskule der dei sår skogsfrø for oppal og sal til bøndene i distriktet, og til utplanting saman med hyrdane i sjukelandsbyane.

Ein elev i aksjon
Glade elevar
3.500 planter skal ut
Orientering om plantinga

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *