Skuleavslutning på Fihaonana

Det er imponerande at både Tombontsoa og Fihaonana har klart og halde skulane i gong midt i koronatida. Kursa har gått omtrent som normalt dette vanskelege året.

Agronomklassen

81 elevar får sine diplomar signert av Landbruksdepartementet og skulen, 29. oktober. Dei held i skrivande stund på med sine avsluttande skriftlege og muntlege eksamenar. Dei har dessutan vore på studietur eit vekes tid, til Fianarantsoa, Antsirabe, Antananarivo og Itasy, der dei har besøkt Tombontsoa, andre skular, bedrifter og bønder. Nytt skuleår startar i byrjinga av januar 2022, så nå i november-desember er det opptaksprøve fleire stader til det nye skuleåret.

Entreprenørklassen

37 studentar var ferdige med studiet sitt 24. august-21. Nå er dei reiste heim og ventar på støtta som staten skal gje dei i samband med den bedrifta dei har planlagt å starte opp innan landbruk og foredling av jordbruksprodukt. Dette er 3. kullet som går ut av skulen i dette kurset. I alt har 123 agroprenørar som dei kallar seg, gått ut frå Fihaonana i det eittårige kurset desse tre åra. Det er inngått avtale med staten om at Fihaonana skal følgje opp desse i 5 år framover, for å gje råd og rettleiing om drifta i tiltaket eller bedrifta deira, eller den produksjonen dei har sett i gong. 

Kortare kurs

Kvart år har Fihaonana i gong kortare kurs i t.d. bieavl, hønseavl, risdyrking, vaniljedyrking og dyrking av andre vekster. Skulen har også kvart år lærarar og studentar frå andre skular som ikkje har gardsbruk og mogelegheiter for praksis. Lengda på desse kursa kan vere frå nokre veker til eit par månader, alt etter kva behov dei har. 

Elevane i agronomklassen har eksamen.
Foto: Rabemanantsoa Yony
Elevane ute i praksis.
Foto: Rabemanantsoa Yony
Mais som for til kyrne.
Foto: Rabemanantsoa Yony

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *