Studentar med bachelor på Tombontsoa

42 studentar i IPSATTA på Tombontsoa fekk 2. mars 2017 sine diplomar som bachelor i jordbruk, husdyrbruk og miljøkunnskap.

Dei første frå Tombontsoa

Dette er dei første som får denne graden sidan skulen tok til med høgskuletilbodet for nokre år sidan. Tombontsoa har satsa på å dekke både ei grunnutdanning i landbruk gjennom det eittårige kurset og Lycee Agricole (grønt gymnas).

Stor elev- og studentflokk

I alt er det nå godt over 400 elevar og studentar på Tombontsoa, det største talet i skulen si historie. Jordbruksskolenes Venner har sidan 2007 støtta Tombontsoa og fornying av gardsbruket og andre ting på skulen. Gardsbruket vert nytta som praksisstad for både elevar i grunnutdanninga og for studentane i høgskuletilbodet. Derfor er eit godt utvikla gardsbruk med gode husdyravdelingar viktige i undervisningssamanheng på skulen.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *