Utvikling av gode matvekster

På Jordbruksskulen Fihaonana driv dei aktivt med foredling av gode planter for å auke avlinga, og betre innhald av næring i vekstene. Lærar Noely er drivkrafta bak dette. Han har fått tak i gode sortar av mellom anna søtpotet som dei dyrkar på Fihaonana, og som dei og har spreidd til store deler av Vohipeno- området der skulen ligg.

Meir karoten

Karoten er provitaminet til vitamin A og er veldig viktig for vekst hos menneske og husdyr. A vitaminet er og avgjerande for godt syn hos menneske. Nye sortar som i si tid vart importerte frå Mexico gjennom det startlege jordbruksprosjektet Fifamanor i Antsirabe, har og kome til Fihaonana for rundt tre år sidan. Nå dyrkar dei her fleire sortar av søtpotet med høgt karoten innhald. Når elevane er ferdige med skulen, får dei med seg nokre stiklingar av desse gode sortane heim til sine landsbyar, og kan slik fortsette dyrkinga heime hos seg sjølve.

Stor auke i maniokavlinga

Maniok er ei rotfrukt som vert nytta til mat på Madagaskar, spesielt på aust- og vestkysten. Den inneheld omtrent berre rein stivelse, slik at det er nødvendig med proteinrik mat ved sida av. Bladene på manioken vert nytta som mat, og den innheld mykje protein og mineraler og vitaminar.

Lærar Noely har eksperimentert med å dyrke maniok i såkalla basket-compost. Dei grev groper på ein meter i firkant og 20 cm djupe, der dei har kompost og litt husdyrgjødsel nedi før dei har litt jord over. Her stikk dei ein stengelbit av maniok nedi. Planten veks i dette og røtene spreier seg fint utover.

2 kg maniok på ei plante i tradisjonell dyrking. 30 kg med ny metode

På Fihaonana har dei testa kor mykje dei kan få av denne rotfrukta. Ved tradisjonell dyrking får bøndene opp til 2 kg på ei plante. Med den nye dyrkingsteknikken kan dei får opp mot 30 kg på ei plante. Kvaliteten på manioken er den same, men for ein skilnad på avlinga! Elevane på skulen lærer korleis dei kan dyrke maniok på denne måten. Og dei tek med seg kunnskapen tilbake til sine landsbyar når skulen er slutt.

Rektor Hoby viser ei plante etter tradisjonell dyrking.

Foto: Arne Dragsund

 

Rektor Hoby og lærar Yony viser ei plante etter ny dyrkingsmetode.

Foto: Arne Dragsund

 

Mange forskjellige sortar av søtpotet. Røde og gule har mest karoten.

Foto: Randriamahaleo Bary

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *