35 års jubileum på Fihaonana

Fihaonana jordbruksskule i Vohipeno har vore i gang sidan 1983. Bortimot 2.000 elevar har gått ut frå skulen sidan den tid. Og det har vore mange deltakarar på kortare kurs gjennom desse åra.

Markering av jubileet

Tysdag 13. november -18 er det stor feiring for at skulen nå er 35 år gamal. Dagen før skal det vere samling med tidlegare elevar, til ein fagdag. Her vil nye ting bli tekne fram, og det blir omvisning i det veldrivne gardsbruket. Rektor er Randrianarijao Hobiharisoa.

Framtida for skulen

Fihaonana er den einaste jordbruksskulen på heile austkysten av Madagaskar, så behovet for jordbruksutdanning er veldig stort. Dei fleste elevane kjem frå austkysten, men det er og mange elevar frå Fianarantsoa-området i innlandet. Så er kulturar og husdyrslag om lag dei same kor du er på Madagaskar, bortsett frå ein del frukttre, kaffi og vanilje. Klimaet er også noko ulikt, frå innlandet med ei markert kalde – og turketid og på austkysten med noko regn heile året. Vestkysten har eit turrare klima med lite nedbør også i regntida.

Jordbruksskolenes Venner med

Rolf Moi, Kjell Dale, Kolbjørn Lerstøl og Arne Dragsund i styret for JV skal i haust til Madagaskar i forskjellige oppdrag på Tombontsoa og Fihaonana. Dei vil bli med på jubileumsfeiringa på Fihaonana.

 

Under flaggheising på 30 års-jubileet i 2013

Foto: Randriamahaleo Bary

 

Elevene heiser skoleflagget og det gassiske flagget

Foto: Randriamahaleo Bary

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *