Opplæring i mjølkeproduksjon

Fihaonana har fått to nyutdanna lærarar i husdyrbruk som begynte arbeidet midt i april i år. Den eine har utdanning frå universitetet i hovedstaden, og den andre har ein bachelorgrad frå høgskulen IPSATA på Tombontsoa. Sistnemde har praksis frå garden på Tombontsoa.

JV med opplæringsoppdrag

Når folk i styret i JV er på dei to jordbruksskulane på Madagaskar, er det ikkje berre som dugnadsfolk for å gjere eitt eller anna. Det er og viktig med kunnskapsoverføring på mange plan, både i det å drive skulen, økonomistyring, bruk av oksar som trekkraft og ikkje minst vedlikehald av utstyret på skulegardane. Eller andre oppdag. Dette er og med og utvikle kontakten mellom oss som reiser ut slik og dei tilsette på skulane.

Auke i mjølkeproduksjonen

Eg var ein dag på Fihaonana nå i april, etter at dei frå Øya vgs var reiste tilbake til Noreg. Då hadde eg opplæring for dei to nye husdyrlærarane i planlegging av foringa for mjølkekyr, ungdyr og kalvar, samt litt om foring av gris og utrangering av dårlege verpehøns. Mjølkekyrne er av NRF rasen, og ofte vert ikkje dyra fora slik dei burde for å utnytte kapasiteten hos kyrne. Det er viktig å fore dyra etter kor mykje dei mjølkar til ei kvar tid. Godt grovfor er og avgjerande for eit godt resultat. Skulen lagar sjølv kraftforet til storfe, gris og høner. Kunnskapar om god foring og stell er viktig for elevane på skulen, og heilt nødvendig for og gje god lønsemd i produksjonen.

Gras heile året

På Fihaonana er klimaet slik at dei kan dyrke gras heile året. Tidlegare brukte dei noko maissurfor i den tida det er lite regn. Spesielt i fjor var det eit turt år. Då hadde dei for lite for, så i år skal dei igjen legge knust mais i silo. Dyrking av godt gras som vert teke i rett tid har stor betydning for produksjonen. Dei har nå kjøpt 7 nye drektige kviger og kyr i Antsirabe, for å auke mjølkeproduksjonen på skulen. I alt har dei nå 11 mjølkekyr. Desse vert handmjølka som ein del av opplæringa for elevane. Dei har faste kundar for mjølka, men det er ikkje problem med å finne fleire kundar. Skular har og laga ost i tider med overskot av mjølk.

Viktig med god vekst på kvigene

 

Husdyrlærerne Dirinesy og Antenaina i samtale med Arne Dragsund

 

Godt gras er nødvendig for høgtytande kyr

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *