Ny brønn på Tombontsoa

I fjor i november vart det lagt ned 2,5 km med røyr og slangar i det store vassleidningsnettet på Tombontsoa, då ein dugnadsgjeng frå Varhaug var der ute. I år sto arbeidet med å forbetre ein av brønnane på skulen for tur. Rolf Moi reiste til Tombontsoa i oktober -16 for å stå for dette arbeidet med å grave ut og støype den 18 meter djupe brønnen på nytt. Det vart laga ny forskaling i verkstaden som skulle nyttast til dette, så det vart eit omfattande arbeid.

God innsats frå arbeidslaget som var med

4 murarar og 4 andre arbeidsfolk var med under arbeidet med den nye brønnen. Dei skulle djupt ned for å grave ut og støype, så det vart laga til ein innretning for å kome ned på ein skikkeleg måte. I byrjinga av desember vart brønnen ferdig.

To gamle tårnsiloar vart revne

Dei to gamle siloane, den eine bygd i 1966, og den andre i 1972, var ikkje i bruk lenger. Desse vart revne for og brukast som bakfyll i brønnnen. Nå er brønnen ferdig, og det store arbeidet som dugnadsgjengen frå Norge gjorde i 2015, er sluttført med arbeidet med denne brønnen. Vasstilførselen på Tombontsoa er nå heilt perfekt, med godt trykk og rikeleg med vatn til alle skulebygningane og driftsbygningane på skulen.

Ungdomslaget på Varhaug

3 av medlemene i ungdomslaget på Varhaug var med i dugnadsgjengen i fjor haust. Det var ungdomslaget som gjennom Jordbruksskolenes Venner finansierte fornyinga av vassleidningsnettet og denne nye brønnen. Stor takk til ungdomslaget på Varhaug for denne kjempeinnsatsen på Tombontsoa Jordbruksskule.

023

Lederen for arbeidslaget og Rolf Moi ved den nye brønnen

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *