Stor dugnad på Tombonsoa og Fihaonana

Ein stor dugnadsgjeng frå Jordbruksskolenes Venner reiser nå til Madagaskar for og gjere ein jobb på jordbruksskulane Tombontsoa og Fihaonana. På Tombontsoa skal taket på det store grisehuset reparerast med sveising av berekonstruksjonane og nye takplater. Så skal heile leidningsnettet for vatn skiftast på skuleområdet inntil alle bolighus og skulen, samt bygningane i gardsbruket. Dette er eit stort arbeid. Gassiske medarbeidarar skal vere med å grave opp grøftene. På Fihaonana skal dei gå over traktoren og mellom anna skifte bremseklossar og anna vedlikehald.

7 personar reiser ut

Kolbjørn Lerstøl og Rolf Moi reiser ut 4.november og kjem heim att 9.desember-15. Ole Moi, Rune Moi, Bjørn Skrettingland, Sven Auestad og Sondre Varhaug reiser ut 5.november og heim 28.november-15. Rune Moi kjem heim etter 14 dagar på Tombontsoa. Alle dei som reiser betalar sjølv reisa til Madagaskar.

Koplingar og anna utstyr frå Norge

Eit firma på Varhaug har gitt alle koplingane som trengst til dette arbeidet, så det blir tunge koffertar denne gongen. Alle røyr som trengst vert kjøpte der ute. Jordbruksskolenes Venner har bevilga pengar til dette store arbeidet på Tombontsoa. Etter 50 års drift på skulen, er leidningsnettet så dårleg med lekkasjer mange stader, at eit skifte av dette er heilt nødvendig. Spesielt i turketida er det mangel på vatn til boligane og drifta i gardsbruket.

Endå eit krafttak frå Jordbruksskolenes Venner

Det har gjennom dei siste åra vore mange krafttak på gardsbruka på dei to skulane, mellom anna ny traktor på Tombontsoa og reparasjon av dei gamle, ny maissåmaskin, ny landkum, nytt mjølkeanlegg og mange andre ting. På Fihaonana oppdyrking av jord, nytt fjøs, grisehus og hønehus og nytt bygg for kraftforproduksjon for å nemne noko. JV ser behovet på skulane, og gjer noko med dei søknadene som skulane sender om støtte til dei mange gode tiltak. JV sitt mål er og gjere gardsbruka berekraftige slik at dei er sjølvdrivne og kan vere med og bidra til drift av sjølve skulen og undervisninga av elevane. Takk til dykk som støttar Jordbruksskolenes Venner! Vi tek nå endå eit nytt krafttak med denne dugnaden på skulane!

 

IMG_8454

F.v. Ole Moi, Kolbjørn Lerstøl og Rolf Moi fra styret i JV klar for dugnad
på Madagaskar

IMG_8456

Koplinger til det nye anlegget tas med fra Norge.

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *