Store øydeleggingar på Fihaonana jordbruksskule

Den sterke syklonen Batsirai som kom innover austkysten av Madagaskar natt til søndag 6. februar, har gjort store skader på Fihaonana jordbruksskule i Vohipeno.

Store skader på bygningane

Takplater på driftsbygningar, garasjebygg og bolighus er tekne av vinden i den sterkaste syklonen i manns minne, seier folk i Manakara. 1500 meter av gjerdet rundt eigedomen på Fihaonana er øydelagt på grunn av at store tre har falt over det høge gjerdet. Plantingane av avocado, banan, papaya og andre frukttre er øydelagde. Store tre inntil skulen har knekt rett av. 4 geiter og sauer og ein gris omkom sidan det kom mykje vatn inn i gardane. Vindaugo i klasseromma er øydelagde, og det er kome vatn inn i kontorbygningen. Vindaugo i kontora er knuste. Dette er noko av skadene. I tillegg vart fleire fiskedammar øydelagde, på grunn av store mengder vatn som kom samtidig med syklonen, og fisken er tapt. Elevar og tilsette er i gang med rydding av tre på skuleområdet og i gardsbruket.

Straumen borte

Pumpene for vatn til heile skulen og gardsbruket går med straum. Den forsvant under syklonen, og det statlege straumselskapet Jirama kan ikkje love kva tid dei kan kome for å reparere leidningane som har falle ned. Nå brukar dei bøtter for å bere vatn frå brønnane til alle dyra og det elevar og tilsette treng sjølv. 

Koronatilfelle

Under syklonen kom folk frå dei nærliggande landsbyane til Fihaonana for å søkje ly for uveret. Rektor fortel i dag (7.2.) at det er mykje korona hos elevane nå, med 22 sjuke. Dei har fått medisinar som dei brukar mot sjukdomen. 

Våre venner på Fihaonana treng vår støtte

Fihaonana jordbruksskule treng ekstra støtte i desse dagar. Styret i JV vil sende pengar til skulen for å hjelpe til med det som trengst mest i denne fasen. Du som les om dette, kan vere med ved å sende pengar til JV kontoen med Vipps 513127 eller konto 8220.02.85057. Vi er glade om du vil vere med oss i ei ekstra gåve til skulen i ei vanskeleg tid!

Foto: Randrianarijao Hobiharisoa
Foto: Randrianarijao Hobiharisoa.
Foto: Randrianarijao Hobiharisoa
Foto: Randrianarijao Hobiharisoa
Foto: Randrianarijao Hobiharisoa

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *