Økonomien på Tombontsoa og Fihaonana

Støtte til drifta

Skulane har bak seg henholdsvis 51 og 33 år. Gjennom desse åra har det blitt uteksaminert fleire tusen unge som har gått tilbake til jordbruket eller dei har fått arbeid i staten eller private organiasjonar. Nokre har studert vidare.

 

Støtte frå Norge

Det lutherske verdensforbund (LWF) og Norad har vore viktige bidragsytarar saman med NMS for oppbygging og drift av skulane. I dei seinare år har også Jordbruksskolenes Venner (JV) spelt ei viktig rolle for fornying av gardsbruka, nydyrking av udyrka jorda,  restaurering og nybygg av driftsbygningane i gardsbruka og innkjøp av traktorar og jordbruksreiskapar, samt utsending av kontainarar med reiskapar og utstyr til skulane. Gjevarar til JV over  heile landet har støtte dette arbeidet med pengar. Menigheter og Tomb vidaregåande skule har også bidratt med støtte til JV arbeidet.

 

Dugnader på skulane

Omtrent kvart år har skulane hatt  besøk av dugnadsfolk frå Norge.  Det har vore reparsjonar av traktorar og utstyr, bygging av ein stor gjødselskum og fornying av heile vassleidningsnettet på Tombontsoa. Opplæring av personellet ved skulane i adminstrasjon og leiing, drift av husdyravdelingane og jordbruket samt opplæring i  meir effektiv bruk av oksar som trekkdyr i opplæring og drift på begge skulane, har vore ein del av opplegget på dugnadsturane. Reisa på slike turar har dugnadsfolket sjølve betalt, og skulane har halde kost og losji for dei som reiser ut.

 

JV inn på drift av skulane

Frå starten av har JV hatt fokus på fornying av utstyr og reiskapar i gardsbruket og restauring av driftsbygningane for at skulane skal kunna ha eit godt grunnlag for drifta i avdelingane.  Det er ikkje lenger støtte frå Norad til drift av skulane, så nå har NMS gått inn for støtte til drfita av det eittårige kurset på Tombontsoa og kurset på Fihaonana. Dei har bedt om at JV også er med og bidreg til dette.

Så er JV sin filosofi at det nyttar lite om alle driftsbygningane er i god stand og alt det tekniske fungerer, dersom det ikkje er elevar på skulane. Så det er gjort eit vedtak i styret om at JV skal vere med og bidra til at begge skulane skal ha undervisning for ungdom også i åra framover. Det er gjort mykje på gardsbruka frå JV si side dei seinare åra, og nå er det såleis ei naturleg utvikling for JV at også noko kan gå til drifta av sjølve opplæringa av elevane. JV har også bestemt at tidlegare elevar frå Tombontsoa skal få støtte til å kome i gang med ein produksjon, for eksempel hønseavl, når dei er ferdige med skulen for dei som manglar eit startgrunnlag. Pengane vert kanalisert gjennom  foreininga Afri i Antsirabe som gjev etablerstipent til unge folk for å starte opp si eiga bedrift.

 

Bidrag frå gardsdrifta

Meininga er at også skulane skal bidra med inntekt frå gardsbruka til drift av skulane. Ei god drift av gardsbruka vil samtidig vere ei god undervisning, sidan elevane har si praktiske opplæring på gardsbuka i opptil 50 % av skuletida

 

IMG_1669

Elever på Fihaonana. Rektor Randrianarijao Hobiharisoa t.v.

088

Elevene på Tombontsoa under 50 årsjubileet i 2015

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *